Gud signe vårt dyre fedreland (Fedrelandssalmen)

Tekst: Elias Blix
Melodi: Christoph Ernst Friedrich Weyse
 

  1. Gud, signe vårt dyre fedreland 
    og lat det som hagen bløma! 
    Lat lysa din fred frå fjell til strand 
    og vetter for vårsol røma! 
    Lat folket som brøder saman bu 
    som kristne det kan seg søma!
     
  2. Vil Gud ikkje vera bygningsmann, 
    me fåfengt på huset byggja. 
    Vil Gud ikke verja by og land, 
    kan vaktmann oss ikkje tryggja. 
    So vakta oss, Gud, so me kan bu 
    i heimen med fred og hyggja.
     
  3. No er det i Noreg atter dag 
    med vårsol og song i skogen. 
    Om sædet enn gror på ymist lag, 
    det brydder då etter plogen. 
    So signe då Gud den gode såd, 
    til groren ein gong er mogen.